fredag 15. oktober 2010

Fagdag i norsk




1. Det virke som han er ei typisk saga fordi ein heile tida høyrer om kven som er i slekt. Ein annan grunn til at dette er ei typisk saga er fordi nesten heile handlinga består av vald, blodhemn, drap og ære. Mennene var veldig opptekne av å vere sterke og valdelige. Dei trudde også på skjebnen, at det var bestemd på førehand kva som skulle skje. Eit eksempel er at Gisle tolka draumane sine, og trudde at han skulle dø i løpet av sju år. Eit anna kjenneteikn er at damene og trellane ikkje hadde mykje status, men damene hadde likevel ein innflytelse på mennene deira. Men tross i alt dette veit vi ikkje sikkert kven som drap Vestein, og det er ikkje typisk for ei saga.

2. Han er kanskje ikkje ein typisk sagahelt. Dette er fordi han ikkje var så stor og sterk som andre menn. Han unngjekk kamp så lenge det var mogleg, og prøvde heller å laupe og gøyme seg. I tillegg ofra han trellen sin Tord til hemnarane då han kledde ham ut som seg sjølv. Ikkje særleg heltemodig.

3. Det er usikkert kven som drap Vestein, men mange trur at det var Torgrim. Vi ser klart at Gisle trudde det var Torgrim sidan han drep han seinare i sagaen.

4. Kvinnene Aud, Åsgjerd og Tordis var typiske sagakvinner. Det var dei som styrte garden, medan mennene forsørgja familien. Tordis var eit godt eksempel på ein sagakvinne då ho oppfordra mannen sin Bork til å hemne drapet på sin tidlegare mann. Aud var ei modig og lojal kvinne, ho støtta Gisle til han døyde.

5. Det var ein bra film. Ein lærte veldig godt sagaen når ein såg filmen, og ein fekk sjå korleis det var på den tida. Det som var litt dumt var at det var vanskeleg å skilje mennene frå kvarandre. Dei var veldig like. Det var bare Gisle man kjende igjen. I tillegg til dette hadde mange av dei veldig like namn, og det gjorde det ennå meir vanskeleg. Det som var litt gøy var å høyre likskapane mellom islandsk og norsk. Alt i alt var det ein bra film.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar